Gravhaug frå bronsealderen.
Kyrre Lindanger
Gravrøysa på Austre Bokn ved Boknasundet er frå eldre bronsealder, 1750-1100 år f. Kr.
I 1923 blei det funne ei gullspenne på Austre Bokn som sannsynlegvis stammar frå røysa. Originalen av spenna, som er utstilt på Arkeologisk museum i Stavanger, er datert til 900-talet, og er i karakteristisk Borre-stil og særprega for vikingtida. Dette er eit av dei finaste fornminna som er funne i Bokn, og ein kopi har difor fått ein framtredande plass i ordførarkjedet i Bokn kommune.
Kart