Klepp festningsanlegg

Bildet viser Parti frå Klepp festningsanlegg.  - Klikk for stort bileteParti frå Klepp festningsanlegg. Kyrre Lindanger

På Loden ved Klepp ligg ein tysk festning frå 2.verdskrigen. Her er restar etter både bunkersar, ammunisjonslager, løpegraver, restar etter kanonstillingar med feste, sjukestove, offisersbrakker, mannskapsbrakker, grisehus, kontrollpost ved vegen og anna.

Saman med Fjøløy fort i sør og festningsverk ved Skudeneshavn i vest kunne tyskarane sperra både innseglinga til Boknafjorden og Karmsundet. Området ligg lett tilgjengeleg både til fots og på sykkel. Ein kjerreveg i utmarka gjer turen rundt på området lett framkomeleg.

Kart