Tusenårsstaden i Bokn

Bildet viser eit skulearrangement ved kvernhuset på Tusenårsstaden i oktober 2001. - Klikk for stort bileteTusenårsstaden, okt. 2001. Jardar Havikbotn

28. september 2000 opna Bokn sin tusenårsstad; nyoppreist kvernhus og opparbeida møteplass ved Kvednabekken frå Boknabergsvatnet til Boknasundet.

Kom og opplev det autentiske miljøet for om lag 100 år sidan, der folk malte korn frå 12 kvernhus nedover langs bekken, som også blei nytta til drikkevatn og klesvask.

Kart