18. Eldhuset i FøresvikBygget blei venteleg reist kring 1841 i samband med at Mons og Cecilie Larsen etablerte seg i Føresvik og sto i samanheng med tristovehuset, stabburet og det gamle, langstrakte forretningsbygget som romma både sjøhus, lager og handel. Ute på Holmen sto det store sildesalteriet og lengre oppe i bakken «Vikaløa» som og høyrde til dette komplekset. I dag er såleis berre eldhuset att av dette bygningskomplekset frå midt på 1800-talet. Kart Publisert av Stein Magnar Askeland-Gjerde Publisert 07.10.2020 12.48 Sist endra 30.10.2020 09.17