Aktivitetskort for barn og unge

Bokn kommune har ordning med aktivitetskort. Kortet er eit opplevingskort for barn og unge (0-18 år) frå låginntektsfamiliar i Bokn kommune, og gir gratis tilgang til enkelte kultur- og fritidsaktivitetar på Haugalandet.

Dei som får kortet, får også dekka følgande i eit frivillig lag/organisasjon:

  • kontigent
  • turar/leirar/cupar


Kortet gir også friplass i Bokn kulturskule. Friplassen gjeld eitt av kulturskuletilboda i løpet av skuleåret. Det skal kryssast av i søknaden om barnet ønsker friplass i kulturskulen eller ikkje. 

Kortet er personleg med namn og bilde. Det gir også fri tilgang for medhjelparar over 18 år, som er med barn frå 0-13 år.

Søknad

Kortet gjeld frå 1. juli til 1. juli neste år. Dei som har aktivitetskort i dag, må søka på nytt for neste skuleår. Trykk under for å søka:

Søknadsskjema

For å få aktivitetskort må forsørgar ha lågare inntekt, etter skatt, enn følgande:

Einsleg forsørgar med eitt barnkr 344 300
Einsleg forsørgar med to barnkr 423 700
Einsleg forsørgar med tre barnkr 503 100
Par med eitt barnkr 476 700
Par med to barnkr 556 100
Par med tre barnkr 635 500
Par med fire barn og overkr 715 000

Aktivitetskortet gir gratis inngang til:

  • Bading i Tysværtunet badeanlegg og Karmøyhallen
  • Kino i Haugesund, Karmøy og Tysvær 
  • Haugaland Zoo
  • Nordvegen historiesenter
  • Rush trampolinepark Haugesund (gåvekort)
  • Sheiken Bowling & Biljard (to seriar bowling)
  • Vikinggarden Avaldsnes (inkl. Vikingfestivalen)
  • Alle arrangement i regi av Bokn kommune, inkl. kino