NAV Bokn vert ein del av NAV Karmøy
NAV Bokn er inne i ein endringsprosess, og det gjer at kommunen er i gong med eit arbeid for å sjå på korleis NAV Karmøy kan betene dei av Bokn sine innbyggarar som treng tenester frå NAV.
Publisert av Jardar Havikbotn
Publisert 16.11.2017 10.15
Av Ingrid Sofie Rundhaug
Målet med prosessen er at tenestene som vert gitt til Bokn sine innbyggarar skal få auka kvalitet og opplevast som meir heilskaplege.
NAV Karmøy ivaretar alle oppgåver for NAV Bokn frå og med tysdag 14.11.2017, med unntak av enkelte tenester som fortsatt skal håndterast av kommunen ved avdeling helse og omsorg.
Desse tenestene er:
-
Støttekontakt
-
Avlastning
-
Skjenkeløyve
-
Startlån
NAV Karmøy sine tenester finn du informasjon om her.