TilgjengelegheitserklæringGod kommunikasjon, klart språk og universell utforming er viktige i Bokn kommune sitt arbeid i digitale kanalar. Innhaldet på bokn.kommune.no skal vera tilgjengelege for alle.Kva gjeld denne erklæringa for?Denne tilgjengelegheitserklæringa gjeld for hovudnettstaden til Bokn kommune.Erklæringa gjeld ikkje andre subdomener under bokn.kommune.no, som nettsider for politiske saker, nettløysing for visning av politiske møte, kommunen si skjemaløysing eller nettsidene til kommunale foretak. Kven er ansvarleg for nettstaden? IT-sjef og kultursjef har systemansvar for bokn.kommune.no. Det er godt tverrfagleg smarbeid når det gjeld innhaldet på nettstaden. Kultursjef har det daglege ansvaret for nettstaden.Me jobbar kontinuerleg med å forbetra nettsidene, og følger standarden Retningslinjer for universell utforming av nettinnhold (WCAG) 2.1. Kvalitets- og utviklingsarbeid foregår i samarbeid med tekniske leverandør, Acos.Historikk for nettstadenDagens nettsider blei etablerte i 2015. Universell utforming, klarspråk og tilgjengelegheit har heile tida vore sentralt i arbeidet.Kontinuerleg arbeidI 2023 prioriterer me å oppdatere bokn.kommune.no til å oppnå samsvar med krava i WCAG 2.1. Me skalOppretthalda og videreutvikla ein universelt utforma nettstad.Skriva innhald i eit klart og tydeleg språk.Sjå til at nettstaden oppfyller dei lovpålagde krava i WCAG 2.0Tilpassa innhald og funksjonalitet slik at det oppfyller nye krav i WCAG 2.1Følga likestillings- og diskrimineringsloven og forskrift om universell utforming av ikt-løsningerSikra universell utforming ved val av tredjepartssystem og utvikling av eksisterande system.Rydda opp i PDF-filer og arkivera/fjerna filer som ikkje oppfyller dagens krav. Rydda opp i bildearkivet og arkivera/fjerna filer som ikkje oppfyller dagens krav. Status for samsvar med kravbokn.kommune.no er delvis i samsvar med WCAG 2.1 nivå AA.Å vera delvis i samsvar, betyr at enkelte delar av innhaldet ikkje heilt samsvarer med krava.Me gjer vårt beste for at alt innhald på bokn.kommune.no skal vera universelt utforma, men me er klar over at det finst manglar.TilbakemeldingEr det noko som ikkje fungerer som det skal, eller går du glipp av innhald på grunn av at nettsidene ikkje er universelt utforma?Send ein e-post til post@bokn.kommune.no Tilgjengelegheitserklæring for KS Min kommuneTilgjengelegheitserklæring for KS eDialogalleteller.noaunivers.nobibliofil.nobrettboka.noCappelen Damm undervisningElevkanalen / TV 2 SkoleFagbokforlagets e- portalLingitNumetry skoleVigilo føresetteportalen nettsideSkolonVisma FLYT Skole Relatert innhaldTilgjengelegheitserklæringKva er WCAG?Universelt utformaDokument Publisert av Jardar Havikbotn Publisert 31.01.2023 13.48