Følgekort (ledsagerbevis)

Bokn kommune har tilbod om følgekort. Kortet er berekna på personar med sjukdom eller nedsett funksjonsevne, som treng hjelp eller følge for å delta på arrangement.

Følgjekort gjer det mogleg å ta med seg ein medhjelpar utan ekstra kostnader på kultur- og fritidsarrangement, transportmiddel og liknande der ordninga blir akseptert. Kvar enkelt arrangør avgjer om dei aksepterer følgekort, og kva for ein rabatt kortet gir. Du betaler sjølv på vanleg måte.

Formål

Formålet med ordninga er å forebygge isolasjon og bidra til auka livskvalitet.

Kven kan få tilbodet?

Følgekort er berekna på personar med sjukdom eller nedsett funksjonsevne med behov for hjelp eller følge for å kunne delta på arrangement.

Vi vurderer alderen og funksjonsnivået ditt når vi bestemmer kven som skal få følgekort.

Følgekort vil vere aktuelt for personar med:

  • Bevegelsehemming
  • Høyrselshemming
  • Synshemming
  • Utviklingshemming
  • Allergiar
  • Funksjonsnedsetting som følge av sjukdom, for eksempel psykisk liding, hjartesjukdom, lungesjukdom

Krav til søkjar

  • Fysiske eller psykiske funksjonshemningar, som varer minimum 2 år
  • Passfoto må leggast ved søknaden
  • Du må legge ved uttale/dokumentasjon med underskrift og stempel frå enten ein kontaktperson i kommunen/spesialist/lege/offentleg helse- og sosialetat på at du har behov for ein eller fleire følgarar for å kunne delta på aktiviteter i fritida.

Korleis søke om følgekort

Du må grunngi søknaden din om følgekort, og dokumentere eit reelt behov for medhjelpar.  

Søknadsskjema

Når du har søkt, har kommunen plikt til å gi deg ei skriftleg avgjerd (enkeltvedtak), enten du får innvilga følgekort eller ikkje. I vedtaket skal det stå kva tenester du har fått, kor omfattande dei er og korleis dei blir organiserte.

Dersom du får avslag på søknaden din, skal dette grunngjevast.

Kvar gjeld følgekort?

Følgekortet skal gjelde i heile landet der arrangør, transportselskap eller institusjonar som krev inngangspengar har akseptert ordninga. Fordi kortet ikkje kan nyttast alle stader, må du sjølv ofte undersøke om kortet blir akseptert på den aktuelle staden.

Varighet på kortet

For barn vil kortet normalt bli utstedt for tre år om gongen, for vaksne vil kortet normalt bli utstedt for minimum to år.

Klage ved avslag på følgekort

Om du meiner noko i avslaget er feil, kan du i høve Forvaltningslova § 28,2. ledd, klage på vedtaket. Klagefristen er tre veker frå melding om vedtak er sendt. Klagen skal sendast skriftleg, vere grunngjeven og underteikna til kommunen.

Klagen skal sendast til:

Bokn kommune
Boknatunvegen 37
5561 Bokn.

Kontaktinfo

Har du spørsmål eller ønsker meir informasjon, kan du kontakte saksbehandlar på mail eller telefon.

Sakshandsamar: annegrethe.amdalosvag@bokn.kommune.no

Tlf. 468 61 866

Eller pr. post til:

Bokn kommune
Boknatungvegen 37
5561 Bokn

Uttale frå lege eller helsepersonell er sensitiv informasjon, og må lastast opp i skjemaet eller ettersendast pr. post til Bokn kommune, sjå adresse ovafor.

Kriterier for følgekort (PDF, 86 kB)