20. Gravfeltet på vestsida av Boknasundet

På motsett side der Boknasundet er smalast, på garden Alvestad, låg eit større gravfelt, mellom dei største i Rogaland. Her låg det framleis i 1834 sju rundhaugar, ein trikanta gravhaug og fire langhaugar. Dessutan sto her tri bautastein og fleire steinsetjingar. I dag er berre den største haugen synleg, 7,5 meter høg og 38 meter i tverrmål(her står det i dag eit våningshus), to mindre rundhaugar, to steinsetjingar og ein bautastein.

Kart