"Den store SFO-dagen"

24. april blei nasjonal SFO-dag arrangert for aller første gong.

Bildet viser ein gong gjeng i solveggen: SFO-leiar Oddrun Nilssen (tv.) med 12 av SFO-barna. Varaordførar Rannveig F. Øvrebø og ordførar Egil Våge th. i bildet. - Klikk for stort bileteI solveggen: SFO-leiar Oddrun Nilssen (tv.) med 12 av SFO-barna. Varaordførar Rannveig F. Øvrebø og ordførar Egil Våge th. i bildet. Jardar Havikbotn

På austsida av skulen var det eit yrande liv av smilande barn og vaksne, og gjerdet mot nord var pynta med naturvevar og ein stor plakat som fortalde kva dag det var.

Det kom godlukt frå søraustre hjørnet av skulen, kor bålpanna var tend til pølsegrilling. Lappesteikinga hadde begynt. Ordførar og varaordførar var også på besøk.

25 barn

SFO-leiar Oddrun Nilssen kunne fortella at Bokn skule sine 25 SFO-barn heldt på med ulike aktivitetar, då underteikna var der. Dei fleste var ute og leika, men nokre var også på undervisning i kulturskulen.

Me samla 12 av dei i solveggen saman med ordførar og varaordførar.
 

"Den store SFO-dagen"

Dagen blei arrangert av Nettverket! for SFO.

Dei ville visa den viktige rolla SFO speler i barn sin oppvekst og dedikerte innsatsen til dei tilsette for trivselen og læringa til barna. Målet er å synleggjera kvaliteten i norske SFO, og kvart år vil dei utforska nye tema knytt til rammeplanen (innført i 2021).

Årets tema var "Aktivitet og Bevegelsesglede". Nettverket! for SFO ønskte å visa fram korleis SFO og dei tilsette jobbar målretta for å gi barn opplevingar av aktivitet og bevegelsesglede. 


Foto frå dagen: